Skepi

Skepi
Klassifisering: Kreolspråk
 Nederlandske kreolspråk
  
Skepi (Guyana)
Berbice-nederlandsk (Guyana)
Javindo (Indonesia)
Jersey-nederlandsk (inkl. Negroe dutch) (Amerikas sameinte statar)
Mohawk-nederlandsk (Amerikas sameinte statar)
Negerhollandsk (Dei amerikanske Jomfruøyane)
Petjo (Indonesia)
Afrikaans (Sør-Afrika og Namibia)
Bruk
Utdøydd: I 1998
Språkkodar
ISO 639-3: skw
Glottolog: skep1238

Skepi var eit kreolspråk basert på zeeuws som vart brukt i området rundt Essequibo i Guyana. Skepi-språklege og berbice-nederlandskspråklege kunne ikkje forstå kvarandre.

Språket vert rekna som utdøydd, den siste som snakka språket døydde i 1998. Guyana er ein tidlegare nederlandsk koloni der Det nederlandske austindiakompaniet dreiv handel med plantasjeeigarar frå Zeeland. Språket vart brukt av slavar frå desse plantasjane og etterkommarane deira.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy